“Det har berre gått oppever for oss”, seier mor mi når ho ser tilbake på livet. Og vi som er etter har vel berre levd i oppoverbakken. Mor mi opplevde å bli farlaus før ho var to år gammal, det var ein hard kamp å greia seg for mor hennar som blei aleine med tre små. “Hugs alltid på å støtta Sanitetsforeininga, dei hjelpte oss”, sa onkelen min til mor mi, noko som har stått heilt klart for henne i alle år. Det å hjelpa. Mi mormor som strevde for å halda livet saman for seg og dei tre små, ho sa alltid “ein bli aldri fattig av å gje”. Å møta på sjukeheimen ein som hugsa denne enka som kom på døra deira med havremjøl i ein pose i krigsåra då det for alle var stor armod gjorde inntrykk. Ho delte det vesle ho hadde.

Eg tenkjer på dette i dag, dette med å dela. Vi som surfar på velstanden, som aldri har gått svoltne til sengs, som ikkje har mangla klede eller tak over hovudet. Som har fått utdanning, jobbar, og når det har glippe hjelp på anna vis. Vi som har nok, kvifor er vi så redde for å dela? Har vi mista noko veldig viktig som menneske? Var det overflod som fekk mormor til å gå rundt til naboar med den vesle posen havremjøl? Nei så visst ikkje, ho kunne vel ha trong for det alt sjøl. Men ho visste dei var utan og ho hadde. Og eg trur ikkje ho var aleine om slikt, det var slik haldninga var. Er dette ein verdi vi er i ferd med å mista? Tanken på dei andre, omsuta for dei rundt oss.

Nei, vi kan ikkje hjelpa alle. Det er så sant. Men vi kan hjelpa nokon. Slik sanitetsforeining hjelpte mormor og hennar den gongen for snart nitti år sidan. Og mormor sidan hjelpte dei ho kunne, med det vesle ho hadde. Strikka genserer og sokkar til basarer, og delte havremjøl. Og mange med henne. Det var slik livet fekk meining. Og heldigvis er det mange enno som ser denne verdien og som er der for andre. Heldigvis. Men les ein rundt om i aviser og blad kan ein frysa. Der er det eit “ver deg sjølv nok” som ofte lyser mot ein.

Det er kanskje ikkje så rart at så mange lever med meiningsløyse i dag, når alle skal vera seg sjølv nok. Når vi lever som om vi tar det for gitt at vi skal få stå her og berre nyta i oppoverbakken for alltid, og endåtil har fortent det. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad, skreiv vi i minnebøkene som barn. Kanskje denne enkle sanninga er det som kan berga oss som menneske, frå einsemd, motløyse, tomhet og meiningsløyse. At vi bryr oss om kvarandre.