Det er noko sorgvakkert med denne jula. Tida då vi alle skal vera glade med glitrande barneaugo. Då vi skal gleda oss over å vera saman, då vi skal ha fred framfor alt, – den tida då alle konflikter skal dekkast til, då alle motsetningar skal gøymast. Då vi skal eta ribbe og pinnekjøt og lutefisk og skåla med kvarandre glade jul. Det er noko sorgvakkert ved det. Desse innbitte forsøka våre på at alt er så uendelig kjekt. Denne lykka vi framfor alt må vera i, i alle fall vi som er så heldige å ha nokon å feira saman med. Vi skal kle oss i vår beste puss, både utvortes og innvortes. Det er vårt beste vi skal by, denne korte tida.

Eg hugsar ei jul frå barndommen, ei jul som står som spikra i minnet mitt. Vi var samla i stova heime, mor, far søster mi,bestemor, bestefar og den ugifte tanta. Vi hadde ete julemiddag og sat og skulle dela ut gåvene som låg under treet. Då banka det på døra. Det var ikkje julenissen som kom, det var ein som hadde forvilla seg bort julaftan, han sto ved døra i nokså forkommen tilstand og spurde etter bestefar. Han hadde vel knapt det klart for seg at det var julaftan, der han sto. Men på ei julaftan viser ein ingen bort. Mannen blei buden inn, han blei buden kaffi og småkaker og sat der ved bordet med oss. Han sa ikkje mykje. Søster mi var enno ikkje så stor  at ho forsto noko av jula, men eg var særs opptatt av pakkehaugen. Og pakkar blei delte ut, alt måtte gå sin gong slik jula skal.

Det var då gjesten som sat der ved bordet tok fram portemoneen sin, eg kan enno sjå for meg den brune slitte skinnpungen. Han opna pungen og lot det han hadde i renna ut på bordet. Til deg, sa han høgtideleg til meg. Og eg plukka lykkeleg opp dei brune kobbarmyntane. Ei lita barnehand full av eittøringar og toøringar. Knapt ein femøring. Men det var som den mest dyrebare skatt. Det er kanskje den gåva eg hugsar best av alle eg har fått. Det og stemninga i stova den kvelden, som eg då ikkje forsto så mykje av. Det sorgvakre.

Sidan har eg forstått at nokon nok sat heime venta på julaftangjesten og ikkje hadde det så kjekt, nokon bar sorga over han som hadde tutla seg bort ei julaftan og ikkje fann verken veg eller hugsa dag. Men for meg står denne julaftan i eit heilt eige lys. Det var noko så inderleg trist og så inderleg godt med det som skjedde. Juletreet med dei skinande lysa, pakkane under treet, og han som sat der ved bordet og tømde skinnpungen sin for eittøringar.

Det er noko sørgjeleg vakkert med det å skulle leva opp til så mykje forventingar som ei jul er. Det er noko djupt sårt i å skulle vera i så mykje lykke. Men det får så vera, jul er jul, og vi kan vera julegjestar hos kvarandre. Tøma ut til kvarandre det beste vi har, om det ikkje alltid varer til påske, så er det dyrebart der og då.