Advent, forventing, glede… No når alle lys skal tennast, alle kaker skal bakast, alle hus skal pyntast, og alle hjarte skal gleda seg, så er det viktig å vita at det ikkje er slik for alle. For somme er denne tida den tyngste i året. Det er ikkje alle som kan kjenna forventinga, som kan kjenna gleda. Denne tida er tvert om den tyngste, tida då savn blir endå sterkare, då einsemd kjennes endå vondare, då alle lys blir som spyd i hjarta som minner på det som ikkje blei. Det er tid for tungsinn, for sorg, for kulde i hjarte. Det å høyra alle dei kjende julesongane blir så vondt at å gå inn i eit handlesenter eller ein butikk blir noko ein gruar seg for.

Det er viktig å hugsa at livet ikkje er rettferdig, livet gir skarpe sår, og vi veit aldri kor tid vår tid er der, til å bli raspa i. Ja, vi skal gleda oss. Eg har alltid vore ein jule-elskar, eg har alltid gledd meg og pynta og planlagt. I år trur eg at eg vil gå saktare, vil vera meir var. Ei som hadde plass i livet mitt orka ikkje livet meir, det å gå mot jul forsterka mørket. Eg kjenner når eg tenkjer meg om fleire som gjerne skulle gjort som bjørnen, sove seg forbi jula. Det kan gjera oss meir vare å hugsa dette.

Ingen vil bli synast synd i, ingen likar veldedighet, ingen vil bli tatt seg av. Men det går an å gi av eit varmt hjarte, i respekt og verdighet. Det går an å ha varhet til å sjå den smerta som er der, og ikkje tru ein kan ta den bort, men vera nær i den. Det er dei små små tinga som gjer ein forskjell. Det er dei små øyblikka då ein tar seg tid som betyr noko. Den vesle helsinga. Og ingen av oss veit kven som ber eit mørke inni seg bak den vakre fasaden, det er ikkje utanpå det vises kven som svelgjer ned gråten gjennom dei julepynta gatene.

Eg ønskjer ei var adventtid, med opne hjarte for kvarandre.