Av og til kjenner ein seg ekstra priviligert. Eg har vore på julebord i dag. Det finaste julebord ein kan tenkja seg. På sjukeheimen. Der kom vi til det flottaste dekka bord, der blei vi møtt av tilsette i sine vakraste julebordkjolar, der kom dei frå avdelinga, ein og ein, med sine gåstolar, rullestolar og somme arm i arm med ein pårørande eller tilsett, alle oppdressa, pynta, og somme kom endåtil rett frå frisøren. Det var fest. Og vi, vi pårørande, blei vist til det pynta bordet, og der, saman med våre nære, fekk vi ei julebordoppleving som vil bli hugsa. Flotte snittar, og etterpå kaker som kunne rekka til fem avdelingar til, og alle heimelaga. Vi kunne berre forestilla oss alt arbeidet som var gjort i forkant, med å bera stolar og bord frå rundtomkring, dekka på, pynta, gjera det til fest. Og så den store adventkalenderen på veggen, der første sekk blei opna og gåve utdelt til den som blei trekt til denne datoen, – og med løfte om at det kom fleire dagar og fleire adventpresangar. Det var tilsette som ytte langt over det stillingsinstruksen seier. Tilsette som med varme og omsorg såg kvar av dei som var der.

Det er ikkje sjølvsagt at slikt blir ytt. Det er ikkje sjølvsagt at dei tilsette haler og drar stolar, pyntar bord, baker kaker, og endå har overskot og tid til å le og vera god mot dei dei har tilsyn med. Der sat vi ved bordet og blei servert, vi som skulle ha servert desse som tar seg så godt av våre. Der sat vi og fekk del i noko vakkert. Ein musikkterapeut som spelte opp til julesongar, ein av bebuarane som song for oss så det kom tårer i augo og varme i hjarta. Det var ei ro, ein fred, eit nærver der. Det var ei heilag stund. Honnør til desse som gir oss ei slik oppleving.

Eg trur ikkje eg treng fleire julebord i år. Og i alle fall kan ikkje noko overgå den opplevinga det var i dag, av ekte medmenneskeleg varme, lun humor, og det å få vera i lag slik, nett slik kvar einskild er. Utan all ferniss og all prestisje. Her var vi berre menneske saman som opplevde noko godt. Det skulle vore mange slike julebord!