Nokon er så flinke med måtehald. Nokon greier å ta ein sjokoladebit og eitt kakestykke. Slik er ikkje eg. Tar eg ein bit, så vips er sjokoladeøskja tom. Tar eit eitt kakestykke så vips har eg tatt tre. Det er jammen bra eg ikkje likar alkohol. Det kunne blitt ille. Men ellers, på det gode livet byr meg, der er eg grådig. Og å vera grådig, det er skammeleg. Det lærte vi alt som små. Ikkje forsyn deg før du er buden, ver beskjeden og sei nei takk til meir sjølv om du har lyst på. Det er ein dyd å vera smålåten og prov på karakterstyrke å seia nei når alt i deg skrik ja.

Eg lærte aldri kunsten. Eg prøvde. Eg er altfor glad i alt godt. Eg er altfor livslysten. Eg hadde aldri nok med ein dans, eg ville dansa heile kvelden. Så har eg også måtta tåla å bli avvist. Som då eg i syden i fjor haust endeleg fann ein som dansa som ein gud, etter to dansar spurde eg med glitrane auger, får eg ein dans til. Nei, sa han. Det var det. Den grådige må rekna med smekk på fingeren.

I dag opna eg ei sjokoladeøskje eg hadde i skapet, skulle berre ta meg ein bit til kaffien. Vips, der var øskja tom. Og eg kvalm. Der kan du ha det så godt, kviskra nissen på skuldra mi, der ser du når du ikkje kjenner måten. Den som vil ha alt det han ser, han får grina når andre ler, sa far min. Eg vil ikkje ha alt det eg ser, eg vil ikkje ha fine hus og hytter og båtar og bilar, eg vil berre ha ein kjole eller fem, og ei god kake og ein deilig sjokolade. Og så litt til god kake og deilig sjokolade. Ja, så legg det seg på sidebeina. Og på magen, og på låra. Det er ikkje utan straff å vera glad i det søte.

Er det manglande karakter, eller er det manglande vilje som gjer at eg tillet meg alt det gode. At eg tillet meg sjokolade og kake og at eg elskar å dansa og elska og dikta. For det blir mange bøker av min mangel på måtehald. Det blir mykje latter av min manglande karakterstyrke. Det hadde heilt klart vore både sunnare og klokare å knipa igjen lystene sine og vera meir måtehalden, eg hadde sikkert levd lenger i landet. Men eg hadde hatt det mykje mindre gøy.