Nokon av oss gjer det på den lettvinte måten. Eg har i dagesvis no beundra på facebook alle dei fylte bærspanna, alle dei stolte som viser fram sjølvplukk og sjølvsylta. Og så kjenner eg det gamle stikket i meg, det burde eg også gjort. Eg er ei dårleg husmor. Eg er eit lat og udugeleg damemenneske. Eller? Må alle lika å gå i skogen og plukka bær? Må alle stå og syngja og stolt laga sitt eige syltetøy. Er det ikkje slik at dei som gjer dette, gjer det fordi dei likar det? Fordi dei synes det er kjekt?

Eg har vore på torget i dag, og kjøpt ein boks med blåbær, som skal nytast med mjølk og sukker på. Og så kjøpte eg to glas med syltetøy, blåbærsyltetøy som enno var varmt. Og når eg no har smakt på det veit eg at eg skal kjøpa fleire glas i morgon. Ja visst er det dyrare enn i butikken, men tre nydelege innvandrarungdommar sto og selde. Og eg kjenner ein stor varme over deira stolthet over å ha plukka og sylta, og å kunna stå der og selja. Dei har ikkje berre sote på rævva og venta på å få alt i nevane. Dei har brukt timar i skogen med å plukka, dei har stått saman med mor kanskje ved komfyren og sylta. Og no står dei der og sel og tener eigne pengar. Og eg er så heldig at eg får kjøpa.

Nei, eg er ikkje lat. Eg er flittig nok med andre ting enn dei huslege. Vi treng ikkje alle gjera det same. Eg kan stolt leggja ut på facebook bøkene mine, og kakene og brøda eg baker, så får andre visa fram bæra og syltetøyet. Noko får vi få lov å gjera på den lettvinte måten. Nokon “låner” mine dikt når dei treng eit ord, så kjøper eg meg syltetøy. Så greit må det få lov å vera.