Vi trøystar oss med når det regnar at jorda treng væte. Vi seier at vi slepp no i alle fall brannfare av for mykje tørke, vi blir ikkje utsett for farleg soling så vi kan svi oss og få hudkreft. Det er mange ting å gleda seg over ein regnvåt og grå sommar. Eg synes eg har det aller beste argumentet. Det er ikkje så ille å vera aleine ein sommardag når det er vått og surt. Ein slepp unna den glade latteren og grillukta frå nabolaget, ein slepp alle dei som går arm i arm og hand i hand og svinsar lettkledde og glade rundt når ein skal ein tur i butikken. I regnet skundar alle seg dei ærend dei må, romantikken må venta til ein er innanhuses.

På hutrige haustdagar kan ein hasta forbi og vera aleine utan at det gjer så mykje. Om vinteren kan ein pakka seg inn og vinka med votten. Våren er litt verre, men sommaren, då skal “alle” noko. Kor skal du, kva skal du, har du hytte kanskje, eller båt, eller i det minste ein bubil. Nei, ein har ikkje noko av det. Berre sitt eige selskap. Og å dra på tur aleine er verre enn å vera aleine heime. Vi trives så godt i eige selskap, seir vi og smiler og smiler. Eg har nok av ting å ta meg til, smiler vi. Men det er ingen å gå tur med, ingen å gå på kino med, ikkje eingong nokon å sjå ein dum TV-serie saman med.

Så regnet er fint det, for jorda og huden og for den som er aleine. Men snart kjem sola… Heilt sikkert. Då gjeld det å smila seg forbi alle med grillkos i hagen, forbi alle som går tett saman gjennom sentrum for å handla inn vin og reker til kveld i hagen eller i båten eller i si eiga stove. Då gjeld det å passa på å leggja ut på facebook kor fint ein har det heilt aleine i eige selskap, med vinglaset og rekene og jordbæra, og kom ikkje her og tru at ein ikkje har det så fint som berre det!