Det er viktig å følgja med på kva som et “hot” las eg på nettet. For det er ikkje sikkert det som var “hot” for nokre år sidan er hot no. Nei vel, nei. Så då må ein vel orientera seg då, for å sørga for å vera “hot” nok. Eller må ein? Tenk om vi alle protesterte mot det å vera “hot” og var oss sjølve. Fann vår eigen stil, leita etter vår eigen smak, laga vår eigen private mote som held seg frå år til år. Kva om vi gjorde det til “hot”?

Eg var ute på byen i går kveld. Og eg var ikkje “hot”. Eg såg meg rundt der eg tumla meg inn, og alle gjekk kledde som om dei var stempla i same maskina. Svarte smale bukser, det var visst eit “must”, eller i alle fall smale bukser og høge hælar på damene. Og eg som kom i min velbrukte gulgrøne kjole. Woow, eg må ha sett ut som museumsgjenstand. Og det er eg vel også, såpass lenge er det sidan eg var på byen sist. Eg sat der og studerte “folket”. Og ja, dei var nok meir rutinerte på utelivet enn meg, både i klesdrakt og i oppførsel desse som sat der med glasa sine. Dei såg ganske “hotte” ut heile gjengen.

Er det slik at eg også gjerne vil vera “hot”? Vil eg vera ein som sklir umerkeleg inn? Tja. Vi har vel alle i oss eit behov for å høyra til, for å passa inn og vera god nok. Men kva med personlegdom? Kva med særpreg? Er ein rar viss ein skil seg ut? Kan ein bli innlemma viss ein har ein stil som er annleis? Må ein då finna seg andre annleise å vera saman med? Må ein i dag vera “hot” for å bli akseptert? Og krevs det at ein stadig følgjer med på trendar og stilartar for å henga med i det “hotte”? Stakkars dei som er unge i dag, om det er slik. I grunnen stakkars oss alle om vi bit på.

Jammen er det eit slit å leva når ein skal vera på høgda, passa inn, henga med og følgja trendane heile tida. Ikkje rart folk er for slitne til å berre stikka innom døra til kvarandre og ta ein kopp kaffi. Eller kaffi er vel ikkje “hot” lenger. Cappuccinoen er vel også gått ut av mote.  Best å halda seg trygt heime, for i si eiga stove kan ein slengja på seg nett kva ein vil. Ein kan drikka god gammaldags kaffi og til og med unna seg ein kakebit, berre ingen får vita at det er ei heilt kjedeleg formkake og ikkje cup-cakes. Eller er cup-kakene ute også no.