Kan ein song gjera ein skilnad i verda, blei Ole Paus spurt. Kanskje det er det einaste som kan gjera ein skilnad, undrast han. Eg vil gjerne utvida, løfta fram kunsten i det heile. Kan det vera slik at kunsten, at musikken, poesien, litteraturen, billedkunsten, teateret, dansen, er håpet. At det er gjennom dette vi kan bli berørt i ei tid der så mykje svirrar rundt og så lite når inn, at det er gjennom kunsten vi kan erkjenna, forstå, få opna rom i oss. Er kunsten eit av dei viktigaste verktøya vi har i vår tid, til å berga oss som menneske og medmenneske?

Vi har fått så mykje fakta innover oss, vi har fått så mykje nød og skrik så nært at lite berører. Berre der vi sjølv personleg er ramma reagerer vi. Vi orkar ikkje forhalda oss til alt det som trengjer seg på oss. Vi sløvnar, vi vik unna, vi blir sjølvopptatte og late. Vi byggjer våre eigne små borger der vi låser oss inne med dei som er vår like. Ubehaget held vi frå oss, det som krev skuggar vi unna, så altfor mange av oss. Og det skjer så gradvis at vi ikkje merkar at vi blir kalde.

Så kjem musikken, smyg seg inn under alle hudlaga, gjer noko med oss. Så kjem poesien og litteraturen, røskar oss ut av svevnen. Så kjem dramatikken, dansen, opnar ei dør både ut og inn. Og billedkunsten, som berører og opnar både det mjuke og det sterke i oss. Dette som får oss til å få kontakt med det djupaste i oss, det sårbare, det empatiske, det som kan få oss til å vakna.

Kunsten er kanskje vårt håp. Er det han som kan gjera ein skilnad? Vera det som kan berga oss. Måtte han berre få eit stort rom, måtte han få gode vilkår, måtte vi berre ta godt vare på denne kanalen til forbli menneske.