Ein gong for lang lang tid tilbake, var eg ei umåteleg romantisk ungjente. Og eg var ikkje aleine om det. Vi jentene leste “Romantikk” og “Det nye” og spelte plater på den berbare platespelararen vi drog med oss, og der det berre var mogeleg med singelplater. Det var “Dear John” og “Graveyard paradise” og så etter kvart kom “In the getto”. Å kor vi spelte om att og om att og kjende det i heile den sitrande kroppen at vi var unge. Heltane sykla forbi på veg til fotballtrening, og vi viste sjølvsagt aldri at vi var interesserte. Det var å gå tilfeldige turar forbi huset der ein kjekk ein budde, og så kaste skjulte blikk på skuleplassen. Å for tid, og vi forsto ikkje kor fint det var. Vi sleit med kompleksar og kjærleikssorger og kviser, og såg ikkje at heile verda låg open for oss.

Det store var å bli konfirmert. Ikkje for å få kyrkjeleg velsigning, men for å få koma seg på dans. Ikkje det at vi ikkje prøvde oss på forhånd. Vi sto der utfor ungdomshusa og lytta til musikken der inne i det forjetta land og drøymde om at ein dag, for før konfirmasjonen slapp vi ikkje inn. Og så kom den dagen. Første laurdagen etter konfirmasjonen var det av stad. Og dans var det kvar helg den gongen, var det ikkje i det eine ungdomshuset så var det i det andre. Vi var komen dit no at vi fekk kjøpa billett og gå inn. Stå der inne i lokalet der det var levande band på scenen, stå der inne og vera blitt vaksen. Og du kor vaksne vi kjende oss.

Vi sto der trykka opp mot ribbeveggen og såg storøygde. Heime hadde vi øvd oss på å dansa med venninner, men her var det noko heilt anna. Vi sto der og såg etter han vi aller helst ville dansa med, han som aldri såg vår veg. Vi sto der og blei buden opp av “eldgamle” og slett ikkje edru karar og rømte på toalettet for å koma oss bort frå blekkspruthender. Og der på toalettet utveksla vi erfaringar og opplevingar og kjærleikssorger. Og når dei tre siste melodiane kom, galdt det å stå strategisk til nær den vi helst ville bli beden opp av, for å be opp sjølv den gongen, å nei, det gjorde ein ikkje.

Enno kan musikken frå den gong få varmen til å strøyma til brystet. Enno kan minnet om den gongen ein fekk dansa den siste dansen med han ein hadde sett etter, om det aldri blei noko meir enn denne dansen, bivra i kroppen. Om han no er blitt gammal og tynnhåra og har mage om ein møter han på gata, så hugsar ein sjelvinga då vi sto der fomlande og usikre på dansegolvet saman. Og det første kysset, etter ein slik dansekveld. At det skulle vera så vått og uromantisk tok litt glansen bort, men ein var blitt kyssa.

Å du og du kor lenge det er sidan, og likevel så nært.