Eg veit godt kor tid sjølvtilliten min fekk knekken som har vart fram til no. Det var i niande klasse på ungdomsskulen, vi var ein vennegjeng som hang mykje saman. Eg likte ein av gutane særleg godt, og det verka som om han likte meg også, men det blei liksom aldri noko. Så kom eg til å overhøyra ein samtale mellom denne guten og mi beste venninne. “Kvifor blir du ikkje saman med henne, du likar henne jo så godt?” sa venninna mi. “Ja, eg likar henne” sa min utvalde og nølte, “men ho ser så jævlig ut i trynet”. Det må seiast at eg hadde kviser den gongen og det kan ha gjort sitt, men orda svei seg inn i meg og sit der enno. Han synes eg såg jævlig ut i trynet.

Seinare i tenåra heldt eg meg langt unna gutar. Eg satsa på vennskap, for slik eg såg ut ville nok ingen uansett ha meg som kjæreste. Då eg ein ferie på Sørlandet blei kjent med ein som tydelegvis likte meg godt, forsto eg det ikkje før eg var vel heime og det kom tolv raude roser på døra til meg. Beklagelegvis budde han på den andre sida av fjellet, så det blei med rosene. Eg var sjokkert over at nokon sende roser til MEG. Sidan fekk eg meg kjærester, men rekna heile tida med at eg var kriseløysing, dei hadde ikkje fått dei dei eigentleg ville ha så derfor tok dei meg.

Først var eg jævlig i trynet, og no er eg også tjukk. Og då er det ingen håp i havet at nokon kan lika deg, er det vel? Eg meiner, som meir enn ein hyggeleg venn. For kvinner skal i tillegg til å vera vakre i trynet vera slanke og veldreide. Eller kan det tenkjast at vi har anna å by på som er verd å ha? Knekken i sjølvtillit frå eg var fjorten femten år gammal, den har jammen hengt lenge i. Og det var i ei tid før kroppshysteriet som er i dag, så stakkars jenter i dag om vi ikkje får snudd verdiskalaen.

Vi kvinner får jammen heia på kvarandre i staden for å senda kvarandre kritiske blikk, for søsterskapet må vera håpet. At vi er heilt ok med det trynet og den kroppen vi har og at den gut eller mann som ikkje forstår det, han er ikkje verd oss.