Denne kan du eta med godt samvit, står det med store bokstavar over eit bilde av ei vannmelon. Takk for det, men betyr dette at eg må ha dårleg samvit for å eta så mykje anna? Eg kan ikkje dy meg for å tenkja at det nesten er blitt slik at å eta i det heile tatt skal gje dårleg samvit. Ikkje skal vi eta kaker lenger, ikkje sausar, ikkje smør, berre mager ost mager leverpostei magert kjøt og lettsyltetøy. Vi skal vera sunne. Så utruleg sunne. Eg må berre vedgå at eg er skit lei av all sunnheten.

Før kunne vi ha kaffibesøk og nyta kakene på bordet, no et ingen kaker lenger. Nesten ingen. Eg gjer. Men det er ikkje kjekt å baka lenger, for alle er på slankeren. Det er som om dei grøssar om ei kake kjem på bordet. Som om dei sukkar taust over ei som er så utanfor all trend at ho framleis baker kaker. Og middagar? Det er salatblad og salatar og grønt det skal vera, med litt magert kjøt eller mager fisk til. Huttemegtu for mors kjøtkaker eller dei gode gamle kotelettane.

Det er berre ein ting ingen slankar seg når kjem på bordet, og det er vinen. Eg har aldri høyrt eit ord om kaloriane i den, eller at ein heller burde drikka vatn. Nei, då unner ein seg raust både eit og to og tre glas både eine og hin. Vin, øl og anna fludium høyrer til. Merkeleg, det er vel like mange kaloriar der som i eit kakestykke? Tenkjer eg som ikkje har betre vit.

Eg kan eta vannmelon med godt samvit står det. Men eg er så syndig eg, at eg et kaker med godt samvit også. Og sjokolade, og mors kjøttkaker, og sikkert det som endå verre er. For all forsakinga, gjer ho oss lykkelegare? Kanskje litt slankare, men kva med den deilige gleda over å nyta. Men det å nyta er heller ikkje inn, vi skal elska oss sjølv slanke og glatte og veltrente og eta vannmelon. Men ikkje synes eg dei ser gladare ut dei som gjer alt dette sunne.