Det er mange tankar som kan koma når ein går tur. Særleg i motbakkane. I dag blei det liten refleksjon over val i livet. Og eg må vedgå at eg ikkje alltid har valt lurt, ikkje alltid har sett kva som er ekte verdiar. Alt for mykje tid har eg brukt på folk som ikkje har brydd seg tilbake. Eg har higa etter å bli godtatt av folk eg slett ikkje treng. Og dermed har så mange gode menneske gått forbi, fordi mitt fokus har vore andre stader. Om det er noko eg angrar på i livet, så er det dette.

Det fins så mange menneske ein møter på livsvegen. Det fins så mange fine menneske å bli glad i og få ha det fint saman med. Og så er det dei som glitrar og skin og er som ein magnet på omgivnadene, og som ein så gjerne vil bli sett av. Men som aldri ser tilbake. Det er så ofte desse ein brukar tid og ressursar og liv på å få koma nær, ein hunger etter kvar smule ein kan få.

Eg har vore der. Villa ha det uoppnåelege, få vera i krinsen rundt dei utvalde. Og sjølv krympa og blitt lita av å stå der i skuggane rundt. Det er så bortkasta dagar. Dagane som ligg framom vil eg bruka annleis. Eg vil søka dei som vil ha meg, eg vil dela frå mitt forråd med dei som tar imot og takkar. Eg vil elska dei som fortener det og hedra dei gode menneska som så ofte er usynlege i massane. Dei ropar ikkje høgt, dei brusar ikkje med fjøra. Dei berre er der. Trufast, ærlege og nære. Det er dei som gjer livet godt.