Er godhet gått ut på dato? Er det å bry seg om andre ute av mote? Elsk deg sjølv bøker og kurs i å finna si indre gudinne eller å finna seg sjølv har stått høgt i kurs lenge no. Men er vi blitt lykkelegare av å elska oss sjølv og bli gudinner og gudar, har vi funne oss sjølv der inne i vårt meir og mindre grumsete inste? Har vi funne det vi leita etter? Eller har vi rett og slett mista noko viktig på denne vegen? I den gamle velbrukte boka står det at den som spreier velsigning trivs, og at velsigning får den som er god mot andre.

Er våre beste stunder der når vi sveittar på helsesenteret for å bli sprekast og slankast og vakrast? Er våre beste stunder når vi kan dra på våre utviklande og eksotiske reiser? Klart dette kan gje gode øyeblikksgleder. Men er ikkje dei beste stundene der vi har kunna bety noko for nokon, der vi har fått gitt godhet til nokon? Eller har fått ta imot akkurat dette?

Kva er verdi? Kva er det som gir meining med dette livet vi har fått? Vi kan gjera store suksessar, vi kan oppleva glitrande øyeblikk på scene og i spot-light. Men kva når lyset er slokka, når alle er gått? Mange har fått erfara at det som står att når livet skal oppsummerast er ikkje dette, men øyeblikka av godhet, nærhet, å ha fått stå opp for nokon, å ha fått bry seg om nokon, og øyeblikk der ein er blitt sett og famna for den ein er.

Godhet, det å bry seg om, tenk om det kunne bli vår nye mote? Om det kunne bli det vi higra etter. Varme, respekt, raushet. Desse orda som er dei finaste eg veit.