Det er 17. mai, og eg såg på facebook ei som skreiv “Vi feirer med den bagasjen vi har”. Orda gjekk rett inn hos meg. For det er slik det er. Vi har alle vår bagasje, og den er med oss. Når vi ropar våre hurra, når vi vinkar med flagget og ler mot dei vi møter, så ber vi den skjulte bagasjen med oss, så mange av oss. Og det er godt å kunna dela denne vissa, vi går her pynta og fine, somme i flokk, andre meir aleine, men kvar av oss har med det som er vårt, skjult innunder. Vi er dei vi er. Det meste viser ikkje utanpå. I alle fall ikkje ein festdag.

Det er befriande å kunna kjenna på at slik er det, vi ber vårt, men vi feirar. Vi har våre smerter og sorger med oss, men vi kan like fullt ropa våre hurra og vinka med flagga. Det er slik livet er. Og slik kan vi møtast, med denne vissa innunder smila, bak orda, vi er menneske alle, med kvart vårt, og vi treng verken hovera eller krypa. Det er greit som det er. Heilt greit. Vi feirer med den bagasjen vi har.