Eg kjenner meg så tjukk i dag. Ja, eg veit jo at eg er overvektig sånn til vanleg, og at eg ser heilt lik ut kvar dag. Men dei fleste dagar så kjenner eg meg OK, stor og flott og heilt OK. Så kjem berre dagar som i dag snikande, då eg ikkje kan sjå inn i eit butikkvindauga utan å vilja krympa meg, då eg ikkje orkar meg sjølv og må skifta klede minst fem gonger for dagen i håpet om å kjenna meg litt betre. Men nei, det hjelper ikkje det minste.

Det er vel dette amerikanarane kallar “bad hair day”, dagen då ein kjenner seg heilt miss og ikkje har lyst å gå utfor døra. Dagen då alle skavankar veks seg astroniomiske. Er det ikkje kroppen så er det håret som er heilt misslykka same kor ein grer og danderer det. Så er det huden som er grå og gusten. Ja, alt er rett og slett heilt pyton. (og eigentleg er ein ikkje verd ei sur sil, heile ein)

Kvifor i all verda kjem slike dagar? Kvifor er eg så forferdeleg ekkelt tjukk akkurat i dag? I går var eg heilt OK, i forgårs var eg i grunnen ganske flott. Så kva er det som har skjedd? Det var der alt frå eg vakna. Eg sto framfor spegelen, såg på meg sjølv og kjende sjølvforakten. Eg sto der og tenkte at ikkje ein mann i dette land vil ha ei slik dundredeise som meg. Tåpeleg tenkt, som om det at ein mann skal lika meg er noko livsavgjerande.

Eg greier ikkje slutta undrast, kvifor er eg så forferdeleg tjukk i dag. Magen svulmar, underhaka eg til vanleg aldri ser, gaper mot meg. Nasen er raudsvidd etter sola, ho stikk vel for langt fram. Familienasen, som eg no slett ikkje skal snakka stygt om, for barnebarnet mitt er så stolt over å ha arva henne. Du og eg, seier ho. Og ramsar opp dei andre i slekta som har same nasen.

Nei, no får eg dundre deise meg ta meg på tak, laga meg eit stort krus te, stryka meg over valkane og sei at dei er no deilige og mjuke, og den mann som ikkje likar handtak, han er ikkje noko for meg.

Men i morgon vil eg vakna tynn!