Det fins mange slags rikdom. I dag kjenner eg meg som millionær, med berre nokre tusenlappar på kontoen. Sola skin, det er varmt og vår, og eg har i hjarta mitt så mange menneske eg er glad i. Vennskap, dei små gode øyeblikka, alt er der. Ja, eg er rik.

Det er så lett å måla rikdom i status, i hus og båtar og hytter og bilar og penger på kontoen, i kor mange feriar ein har råd å ta, kor eksotisk ein har reist. Men kva betyr alt dette om ein ikkje har det godt inni seg. Og den rikdommen kjem ikkje verken av ting eller opplevingar, men av at ein har nokon å vera god mot og nokon som er god mot ein. Og at livet har meining.

Det treng ikkje nødvendigvis vera ein kjæraste ein har å vera god med, sjølv om det er utruleg godt, det fins så mange gode ting ein kan oppleva med andre også. Med barn og barnebarn, for meg er lykka å ha dei alle rundt meg til ein pizza. Det trengs ikkje meir. Og vennskap, det å ha nokon å luta mot i tunge dagar som tar imot hjartesukka og som ein kan le med i gode dagar, og kanskje dansa saman med.

Eg ser ut på sola, eg kjenner gleda over at eg i dag skal få lov å gå ut og nyta varmen. Det er marknad i byen, og om eg ikkje har så mykje å kjøpa for, vil eg kunna gje og få mange smil, gode ord kan vekslast, til og med med framande. Ja, eg er rik. Millionær i hjarta i dag.