Det er lett å vera storkjefta! Det er lett for singelkvinner å seia høgt “kva skal vi med ein mann?”. Og dei fleste av oss singeldamer greier oss godt sånn til kvardags. Men av og til, som no, tenkjer eg “skulle hatt ein snill mann”. Eg sit på buss-stasjonen i Bergen, har kome med tog over fjellet etter fagmøte i Oslo. Eg har rangla, eg er oppfylt med opplevingar og har hovudet fullt og er sliten etter den nesten åttetimarlange reisa. Kor godt skulle det ikkje vore å bli henta. Kor godt hadde det ikkje vore med ein mann, sjølvsagt med bil, som sto klar til å kjøra meg heim.

Slik kan ein tenkja, og senda lange blikk etter dei tilsynelatande heldige med menn som hentar og til og med overtar kofferten. Og her sit eg, med tre kvarters ventetid på buss og viten om at når bussen er framme har eg enno ein heil lang bakke å gå etterpå med sekk på ryggen. Takk og lov at eg ikkje tok trillekofferten. Nei, i slike øyeblikk skulle ein hatt ein mann. Ein mann som henta ein på toget.

Eg har i grunnen hatt ein slik mann. Eg har hatt to. Men når dei også henta andre damer på toget…. Eg seier ikkje meir. Så når eg tenkjer etter, så går det greit å venta på bussen. Det er god trim å gå bakken, særleg med sekk på ryggen og trass i regnver. Så pyttsann, høgt heng dei og sure er dei sa reven om rognebæra han ikkje fekk tak i. No kjem snart bussen.