Det var slik då eg vaks opp, barn skulle vera stille snille og veloppdragne. Dei skulle sjåast men ikkje høyrast. Dei skulle teia når vaksne snakka og alltid ta minste eplet og minste kakestykket. Jenter skulle vera pene pyntelege og prydelege, gutane høflege og hjelpsame. Det var i steinalderen dette, men for mange av oss har det følgd oss gjennom livet. Ikkje minst skamma om vi ikkje følgde oppskrifta og tedde oss heilt som forventa. På søndagskulen sang vi “ver forsiktig vesle fot kor du går”, og “ver forsiktig vesle munn kva du seier”. Krevjande reglar å følgja etter kvart som ein vaks til og livslysten vakna. Krevjande foreskrifter når ein skulle ut i verda for å navigera seg fram etter evner og behov. Ver forsiktig, med å tru du får det til, med å satsa der du kan koma til å tapa, med å gå andre vegar enn dei andre syns du skulle gå.

Kor mange draumar ligg urealiserte att på vegen? Kor mykje unødig skam over dristige val? Kor mykje skjult depresjon for det ein aldri vågde forsyna seg med. Dei ville oss vel dei som gav oss levereglane, men i dag veit vi at i blant er det største kakestykket vårt. I blant er det dristige verd å prøva sjølv om det kan ha sin pris. Og skam kan trygt bytast ut med stolthet over å vera eit heilt og vakkert og uperfekt menneske. Nei, ikkje ver så altfor forsiktig, vesle fot. Ikkje ver så altfor redd for å snakka ut, vesle munn. Og no er det heilt lovleg å vera både synleg og bli høyrd. La oss gå for det!

Steinalderen ligg bak oss. Vi vel sjølv i dag!