Nettavhengig eg? Slett ikkje! Eller… Ein heil påske utan nett-tilgong og eg har lært noko nytt om meg sjølv. Eg er hekta på nettet, og ikkje berre litt, eg blir dratt som av ein strikk mot nett-sjekk kvart femte minutt, eller er det kvart andre? Eg må berre sjekka, berre så vidt, heile tida. Og så har eg altså vore heilt og absolutt utan nett-tilgong i over ei veke. Først tenkte eg, dette har du godt av. Dette er ein fin måte å redusera ditt nettbruk på, få roa deg ned. Men etter to dagar, eller var det ein dag, så starta abstinensen. Ein begynnande desperasjon. Eg tok bussen til byn for å sjå om det var ope ein kafe med mulighet for nett-tilkopling. Men, det var altså påske, og stengt. Eg kasta meg over dama i kassen på coop og spurde om der ikkje var mulighet for wifi-tilkopling. Men nei. Eg gjekk til og med så langt at eg gjekk tur og sneik meg på trappene til naboane for å sjå om nokon hadde nett-tilgang utan passord. Så langt kan ein koma til å gå. Til slutt måtte eg berre resignera. Det var då eit liv før internett også, sa eg til meg sjølv. Men var det no det?

Eg har måtta vedgå det, eg er nett-avhengig! Men kom ikkje her og sei det til meg, ei venninna lo då eg ringte og klaga og ho var så frekk at ho sa at dette hadde eg berre godt av. Det har eg slett ikkje. No er påsken over, og enno kan det ta meg to veker å komma på nett, til dess vil eg truleg bu på dei to kafeane med nett-tilgang som eg i dag har tilbrakt fire timar på, så langt. Og enno vil eg vel sitja her eit par timar til, truleg til stengetid. Men nemn ikkje nettavhengig med eit ord, for eg som til vanleg er sindig og roleg, no glefser eit uhyre inni meg om nokon berre så vidt vil finna på å nemna at å vera utan internett er sunt og godt, og at tilgang ein gong for dagen innom ein kafe sjølvsagt må halda lenge.

Ikkje prøv deg! Eg sit her med det glefsande uhyret klart og kjem ikkje til å landa i harmoni igjen før eg kan sjå det grøne lyset på modemet og vera kopla på igjen. Kvart femte minutt om eg vil, eller kvart andre.