Så har livet ført meg hit. Tilbake til mi barndoms bygd. Her eg tasla i hælane på bestemor i tunet med hønene frittgåande rundt. Her eg fekk sykkel til tiårsdagen og sykla stolt på Amandabutikken for å handla. Her eg gjorde meg ærend ut når Øyagutane sykla forbi til fotballtrening. Her eg som nykonfirmert gjekk til min første dansefest i Fjellheim. Her eg kom med i “klubben” og havna i det kristne ungdomsarbeidet. Her eg skreiv mine første dikt og blei gymnasiast på det nye gymnaset.

Sidan jobb, ekteskap, barn, bøker, og så skilsmisse, og vidare nytt ekteskap og flytting. Etter kvart også boka som gjorde venn til fiende. Og så no tilbake, med endå eit havarert ekteskap bak, med mange fleire bøker på samvitet, med mykje levd liv med.

Komen heim. Er det mogeleg å finna rom nok her for den eg i dag er? Alle tap, alle sidespor, alle sorger og også den sterke livslysten. Eg sit i den nye hula mi i den raude sofaen og tenkjer på han eg møtte i byen hin dagen. Flytta tilbake til Os? spurde han. Jammen er du modig.

Er eg det?