Det ligg vel i oss, at vi vil visa fram den fine sida av det meste. Vi vil visa fram den ryddige og pynta stova vår, ikkje skapa der vi har putta inn alt det vi ikkje veit kor vi skal gjera av. Vi vil visa fram oss sjølve når vi har fjelga oss og gjort oss til vårt beste, vi vil helst ikkje bli tatt på senga med håret til alle kantar med gusten hud og smale  augo. Vi vil framstå som blide og hyggelige personar, og helst ikkje la maska sprekka i sinne eller irritasjon framfor folk. Vi vil visa oss blanke i pelsen og ha alt det synlege “stayla”. Men kva med det heile livet?

Ingen av oss er vel englar. Ingen av oss har vel alltid alt på stell. Ingen av oss lever vel opp til det perfekte, vil eg tru. Det må vera dei få og utvalde det. Og heilt ærleg, eg likar ikkje dei perfekte så veldig godt. Eg likar menneske med rifter og arr og skrukker i pelsen, eg likar menneske som viser at dei er levande. Eg likar menneske som vedstår seg dei dårlege dagane, og som ler på dei gode. Eg likar menneske som putrer og freser når livet er urettvist, men som hentar fram humoren og står han av. Og du kor godt eg likar å koma inn ein stad der eg kan setja meg ned saman med den eg gjestar og berre kan vera til, to menneske som ikkje får alt til, men som får til ganske mykje likevel og kan leva med det slik det er.

No vil eg gjerne ha ei ryddig stove, det handler ikkje om det. Men eg vil kunna ha god humor på at det fins, roteskapet også, og eg vil ikkje vera ei furie som går rundt og kjeftar for alt, men eg vil vedstå meg at eg også kan tenna over ting, og vil visa det når det pressar på. Eg vil jobba med å bli eit betre menneske, men ikkje med å lata som om baksidene i meg ikkje er der, eller med å fortrenga sider av den eg er. Eg er eit heilt menneske, med alt det inneber. Av sår som har triggingspunkt, med arr som iblant opnar seg og blør, med både sårbarhet og styrke. Med stor kraft og intensitet, men i blant også nedslått og oppgitt.

Det er heilt greit nok å vera det menneske ein er, eit heilt menneske, med alle dei ulike sider som det inneber. Vi er ulike, vi har ulike triggingspunkt og ulik sårbarhet, og også ulike reaksjonsmønster. Men vi kan med alt dette prøva vera snille med kvarandre, og minna kvarandre på det viktige: Du er god nok!