Det hender ting kjem til heilt rette tid. I dag kom eg i hi sliten, litt frustrert, litt tenksom, og ikkje så veldig glad. Og eg slengde meg ned framfor pc-en og gjekk inn og sjekka facebook, slik eg gjer kvar dag. Det var melding frå eit heilt ukjent namn, så eg blei nysgjerrig. Eg opna meldinga, og der sto det: “eg var på stamkafeen og fekk ingen klem i dag, så her kjem ein gjennom nettet!”.

Eg forsto straks kven avsendaren var. Det er nemleg ein kar som i blant er innom same kafeen i Sverige som eg, vi har aldri snakka saman, aldri utveksla namn, men det er blitt eit lite ritual. Når han kjem og eg sit der, så stoppar han ved bordet mitt og spør: “Er det klemmedag i dag?” Og eg svarer: “Ja, i dag er det klemmedag”. Så klemmer vi, og han går vidare til sitt. I dag må han ha spurt nokon etter namnet mitt.

Og i dag trong eg verkeleg ein klemmedag. Og klemmen kom. Eg lo høgt der eg sat, og måtte senda ein klem tilbake. Nei, kjæreste er han ikkje og blir han ikkje, men han er eit menneske som sprer glede, og som det er godt å møta. Han har innført klemmedagar i livet mitt. Og no undrast eg om ikkje eg også skal innføra at det er klemmedag kvar dag. Sånn i forbifarten er det kjapt å klemma og ta imot ein klem. For du store alpakka kor godt det gjer. Og i dag kom klemmen heilt til rett tid. Eller, er det alltid rett tid?

Eg sit her og smiler, og ikkje berre det, eg har klemt ei tilbake, ei dame eg møtte i butikken, som eg ikkje kjenner men fekk hjelpt litt. Det var godt å møtast. Klemmedagar er ikkje ei dum oppfinning det!