Somme dagar er det ikkje kjekt å vera aleine. Slike dagar kan vera morsdagar og valentingsdagar, og når desse to kjem på same dagen, kan det bli dobbelt. Facebook er full av kaker, av morsdagskort og familier samla rundt bordet. Eia var vi der. Og så veit mange av oss at det er rein uflaks som gjer at vi er aleine. At avstand gjer kakebesøket umogeleg, at manglande kjærest gjer valentinsdagen litt sår. At det har vore andre dagar og kan bli andre dagar, men akkurat no, no kjenner ein den litt triste einsemda.

Det er då det gjeld å vera fantasifull. For det går an å kjøpa ei øskje hjartsjokolade til seg sjølv. Det er lov å kjøpa seg ein liten blomebukett, setja på bordet og sei “ha ein fin dag kjære du” til seg sjølv. Det går også an å eta kake aleine. Kanskje ikkje heile den store bløtkaka då, men laga seg kos. Dekka på kaffibordet, pynta litt, løfta kaffikoppen og seia, “dette er din dag! Du er verd å feira”.

I morgon vil eg ikkje setja meg til å sjå på nettet på alle dei som har det kjekt med sine, eg vil ikkje misunna alle dei som blir hedra både av barn og kjærester. Eg vil sjå meg sjølv i spegelen og sei, “jammen er du ei flott dame du, og jammen er du ei OK mor også, og du kunne vore verdens beste kjæreste, og kanskje blir du det snart. Det er i alle fall ein som har tenkt på deg! Kanskje er det mange som tenkjer på deg, kva veit du”.

Nei, visst skal eg feira meg sjølv i morgon. Gratulera meg sjølv med både morsdagen og valentinsdagen og unna meg ei god kake også, jammen skal eg det!