Sein kveld og eg sit ved pc-en og avsluttar dagens skriving. I bakgrunnen syng Leonard Cohen: waiting for the miracle to come. Og eg lukker manuskriptet mitt og lyttar. Venta på mirakelet? Er det det vi gjer så altfor ofte, ventar på mirakelet i staden for å skapa det, eller sjå det der det er like framfor oss. For kva er eit mirakel? Er det ikkje eigentleg eit lite mirakel å kvar morgon kunna stå opp av senga, trekkja frå gardina og ha fått endå ein ny dag? Er det ikkje mirakel å kunna gå ut døra og pusta inn denne nye dagen. Kjenna sol mot hud og bli varma, eller oppleva våte regndråpar og få kjenna dei stryka over kinnet? Og er det ikkje eit mirakel å få lytta til fuglesong og sjå dei første spirane av vår opp frå den vinterfrosne jorda? Og at det fins menneske vi kan smila til og kjenna at det er godt å sjå.

Då eg gjekk på bussen i dag, snudde buss-sjåføren seg og spurde, sit du godt? Ja, eg sat godt, og eg kjende meg sett og glad, meir skal ikkje til. Og på kafeen då eg skulle ha kaffikoppen min, var det ganske fullt så ein mann spurde om han kunne setja seg ved mitt bord. Vi veksla ikkje mange orda, men då han gjekk smilte han til meg og sa hej då. Desse små øyeblikka. Og han som skulle kjøra naboen til bilverkstaden og spurde om eg ville vera med på dollar-storen. Der fekk eg dei to fata, to til tretti kroner, knallgrøne, som eg hadde sett på brosjyren, og eit muffinsbrett. At muffinsane eg skulle baka til han til takk gjekk i smular då eg skulle ha dei ut av det nye muffinsbrettet, pytt. Eg lagar nye i morgon og hugsar å smørja brettet.

Desse små gledene, er ikkje det mirakel det? Og skal vi sitja der og venta på at mirakla skal bli servert oss? Skal vi ikkje bli flinkare til å oppdaga dei der dei er, sjå dei, ta imot dei, nyta dei og gi dei til andre. Sit du godt? Tre små ord, som gjer ein skilnad. Smil og hej då, så lite og så mykje. Og ein ekstra passasjer på vegen ein likevel skal kjøra. Alle desse gåvene.

Waiting for the miracle to come? La oss vera mirakel for kvarandre!