I dag har eg tenkt på det å forsaka. Det skal visst vera fint det, og høgverdig, å ha kontroll over livet sitt og kunna halda seg borte frå alt som er usunt og feitande. Forsaka sjokolade, kaker og godsaker av alle slag, for ikkje å snakka om det salte. Fysjomfy for den som hengir seg til slikt. Og høg stjerne til den som takkar nei. Kanskje treng eg å trøysta meg sjølv litt etter å ha først ete eit stor sjokoladekakestykke og så etterpå ein fastelavensbolle no i dag. Eg tok meg i å kjenna skam. Eg har ete usunt og eg har nytt det. Desto verre.

Ja, ein skal passa på helsa si og ikkje overdriva, eg er med på det. Men så er det det med forsaking. For eg har oppdaga at dei som er så flinke til å forsaka, dei forsakar eigentleg ikkje. Eg har venninner som ikkje likar sjokolade og is og kaker noko særleg, dei takkar alltid nei til slikt noko, men er det noko sak? Det er lett å forsaka det som ikkje freistar. Mange himlar med augo over ein stakkar som hiv seg over kakefat og peanøttskåla, men forsakar dei sjølv det som dei likar? Forsakar dei vinen? Forsakar dei øl til fotballkampen? Forsakar dei sushien og krepsen og sjøtunga?

Det er ikkje vanskeleg å forsaka det som ikkje freistar. Og blir ein eit betre og meir høgverdig menneske om ein er ekstra flink til å forsaka? Det er heilt sant at ingen av oss har godt av frotsing, men det er skilnad på frotsing og nyting. Eg forsakar gjerne vin og øl, og ja, alkohol i det heile tatt, men det er då ikkje noko å skryta av, for eg likar det ikkje. Men kaker? Å ja. Og sjokolade, særleg den kvite eller den marsipanfylte? Olala. Ikkje kvar dag, men kvar fredag, seier eg til meg sjølv. Og så kjem det nokre vetlefredagar og nokre bursdagar. Og skal eg skamma meg over at eg kjenner fryd kvar gong det er fredag eller vetlefredag eller bursdag så eg kan kosa meg med det som freistar meg? Nei. Eg tillet meg å sjå overberande på dei som forsakar det dei ikkje er så glad i. Dei har nok sine freistingar dei også, håper eg inderleg. For eg synes synd i den som ikkje har lyster.