Går det an å lika svensktoppar og ha æra i behold? Med skrivehule i Sverige er eg blitt pepra med dansemusikk og svensktoppar frå nærradioen gjennom fleire år. Og eg må med det same seia at dette ikkje er min favorittmusikk. Før eg kom hit til sweariket og fann min plass her, så gjekk eg lang omveg frå der den musikken befant seg. Og eg kjende meg liksom litt heva over denslags musikk. Så kom eg hit. Og opplever kor stolt svenskane spelar denne musikken, ser kor han har sin fulle og sjølvsagt plass i musikkmiljøet. Her ikkje berre dansar dei til denne musikken, men har han på øyra når dei går tur, sit på bussen, eller skal ha ein festkveld. Dansemusikken, svenskesviskene, er ikkje ein pariakaste her. Det har fått meg til å tenkja. Tenkja på snobberi.

Eg har då aldri opplevd meg som snobb. Ikkje vennane mine heller, det eg kan tru. Men ligg det likevel noko i vår norske sjel? Dansemusikk, svenskesvisker, ja, endåtil countrymusikk har liksom noko litt annanrangs over seg. Å seia at ein har vore på konsert for å høyra på svensktoppar, eg er ikkje sikker på at det får fram begeistra heiarop og missunning frå tilhøyrarane. Eller for mange av oss å setja på dansemusikk når ein har venner på besøk, la Crister Sjøgren eller Vikingane fylla stova og vippa med foten til, vil ikkje det heller få gjestane til å veksla blikk enn å nikka?

Som eg sa først, dette er ikkje min musikk, men eg har måtta ta meg i det å få ei nedlatande mine når denne musikken blir spelt. Eg har måtta ta meg i at eg er ein skikkeleg musikksnobb. At eg også ubevisst sorterer menneske etter kva musikk dei likar. Og dette trekket med meg sjølv likar eg dårleg. Så no skrur eg ikkje ned radioen når “jag trodde englarna fans” blir spelt, eller “kan man elska nån på avstand”. Eg øver meg på å sjå at her som ellers er vi ulike, vi likar ulik musikk, vi likar ulike bilde, vi likar ulike bøker, vi likar ulike menneske også. Og det viktigaste av alt er respekten for kvarandre. Og er det ikkje fint då, at nokon hyllar “leende gulbruna øgon”? Vi tåler vel ein låt og to som ikkje er førstevalet vårt?