Bussen frå mitt svenske paradis og over grensa til heimlandet er ofte smekkfull. Og ein veit aldri kven ein får til sidemann. Det kan vera ein røssleg kar med like røssleg PC på fanget. Det kan vera tenåringsjenta som heile reisa gjennom snakkar i telefonen med bestevenninna og skal betru alle intime detaljar. Det kan vera ho som har ti sjukdomshistoriar ho berre må dela. Men no sist eg reiste, fekk eg til sidemann ei godt vaksen dame, nær min eigen alder. Kinna hennar blussa, augo stråla og munnen rann over av det hjarta var fullt av. Han! Han som var så vedunderleg at det ikkje fans hans like.

Dei hadde møtt kvarandre på Gran Canaria og det hadde sagt “klikk”. Alt stemte. Absolutt alt! Han var svensk og ho norsk, og ho kunne nesten ikkje halda ut å vera borte frå han. Ho gjekk med planar om å flytta for å vera nær han heile tida.

Eg fekk smetta inn eit spørsmål om kor lenge det var sidan dei møttest første gong. “To månader”, sa ho, og fant fram eit bilde frå veska si for å visa meg. Bildet viste to solbrune, tett omslynga kroppar mot ein bakgrunn av palmar og blått hav.

Der eg sat, kjende eg meg brått gammal. Men eg var ikkje så kynisk som bibliotekaren på lærarskulen som møtte på meg og min første mann svermande i hagen, stormande forelska. “Det går over”, sa han.