Ukul med magebul, seier visst Se og Hør med stort frimod. Du stor alpakka. Eg ser ned på magebulen min og tenkjer, jasså, så eg er ukul eg. Eg stryk over magebulen min, står litt framfor spegelen og studerer den. Og eg tenkjer på dei gamle kvinnene i Midtausten som fekk status ut frå kor store magar dei hadde. Kva er det som er skjedd med oss. Med eller utan magebul, kva er det som betyr noko? Skal magane våre få definera oss?

Eg er taus. Og så er eg ikkje taus lenger. Nei, og atter nei. Eg vil starta ein aksjon, magebul er kul. Nei, den du er er kul, same om det er stor eller liten mage, stor eller lita rompe, store eller små bryst. Det er vel for søren kven vi er, som er viktig. For kva er vakkert? Er det ikkje varmen ut frå augo til eit anna menneske? Er det ikkje omsuta eit anna menneske gir, er det ikkje humoren, glitteret av latter eller tårer vi gir kvarandre som gjer oss vakre for kvarandre.

Magebul er ukul. Ja, så får det vera med å vera kul då. Eg vil heller vera eit menneske som andre byr seg om, som andre får glede av å møta enn å vera eit menneske utan magebul. Så JA til det å vera det menneske ein er, og JA til å edla fram dei kvalitetane i livet vi treng for å kunna ha det godt saman. Skulle det vera lettare å elska eit menneske utan magebul? Då er noko blitt rivande ruskande gale i den verda vi lever i, – og kva med dei mange som har innbul i magen fordi dei ikkje har til det daglege brød.

Eg er opprørt. Eg stryk over magebulen min igjen og tenkjer, stakkars ungjentene som kan koma til å tru på Se og Hør og dess like.