Av og til får ein eit møte med den ein eingong var, ein står der ansikt til ansikt med sine eigen historie. Eg fekk eit slikt møte i dag, via ein song. Ein gospelsang, på engelsk riktignok, men min tekst var norsk. Salige visshet, Jesus er min… Eg kunne ha sunge med, så godt kjende eg den norske teksten. Så mange gonger song eg denne songen eit halvt liv tilbake, og vel så det. I eit kast var eg tilbake til, var det 1972 eller 1973, i Stord kyrkje, på vekkelsesmøte med John Olav Larsen. Stappfull kyrkje, inderleg tale, og så songen. Songen som reiv tilhøyrarane med. Salige visshet. I den stille midnattstime. O stor Gud. Og ikkje minst det inntrengande og inderlege refrenget “Jeg kommer Jesus, o til deg”. Vi sat der, lærarskulestudentar, bygdefolk, kyrkjegjengarar, bedehusfolk og tilfeldige innomdumpa. Vi sat der og fekk opna alle våre lengsler, alle våre sår, – orgelmusikken, orda, songen, det gjekk rett inn i den som bar sorg, den som var einsam, den som hadde opplevde såre svik, det gjekk rett inn og løfta fram ein som ville ha oss “just som vi var”, ein som ville fylla alt i alle. Og vi gret og vi kjende det i djupet av våre usikre og famlande liv. Kom kom kom, kviskra det frå alle hjørner i denne kyrkja desse dagane, og vi kom, redde, famlande, glade, takksame, opprømte og også skremte, for kunne vi våga seia nei, for kva om dette var vår siste sjanse, kva om denne natt blei den siste vi fekk å velja i.

Eg sit her og prøver sjå det klårt i ettertid, kva det var som skjedde der desse lange vekene då vi gjekk på møte kveld etter kveld, og ikkje greidde eller våga halda oss borte, då det var VEKKING med store bokstavar og folk fall på kne og overgav seg i hopetal. Var det Gud, var det massesuggesjon, var det skjulte behov som blei gjort synlege, og var det som skjedde svar på desse behova vi sat der med? Eg undrast, kor mange er att i folden i dag, av dei som låg på kne foran alteret den gongen? Kor djupt gjekk det det som skjedde der?

Salige visshet. Kva gjer det med meg å høyra songen i dag. Er det ubehag eg kjenner? Er det ein lengsel eg ikkje vil kjennas ved, etter den rusen det eingong var? Er det sorg over den tapte uskuld? Eg var der ein gong, eg sat der i den stappfulle kyrkja og kjente på lengselen, på suget, på gråten, – men gleda? Kor var gleda? Salige dei som kjende og kjenner den, tenkjer eg i dag med vemod.