Kan eit smil berga liv? Tåpeleg spurt kanskje? Men kan eit vennleg ord, det at noko ser ein, gjera at den som ikkje orkar meir likevel held ut? Det høyres så lettvindt ut, så naivt. Men kva om det er slik? At så lite kan gjera ein skilnad?

Vi hastar forbi kvarandre i dagane våre, vi er så opptatt av vårt eige at vi ikkje registrere kven som står ved sida av oss i butikken eller på bussen. Vi er så inne i vårt eige at vi ikkje legg merke til korleis dei rundt oss har det. Vi irriterer oss over dei som seinkar oss, vi sukkar over dei som fomlar med det som kunne gått kjapt. Vi orkar ikkje dei som ikkje heng med. Ikkje for å vera vonde eller fordi vi vil nokon vondt. Vi er berre blinde.

Om nokon på vår veg i dag er så sliten at dei knapt orkar tanken på ein dag til, kan det at vi ser dei gjera ein skilnad? Kan det at vi stoggar opp, vekslar dei få orda, gir av vår tid og vår oppmerksomhet løfta om berre eit ørlite lys i mørket?

Eg er så naiv at eg trur på desse enkle små tinga. Eg er så enkel at eg trur på dei små små tinga som ein stor reiskap til å skapa ei betre verd, og eit betre liv for nokon. Eg har sjølv hatt dagar der eit smil, eit handtrykk, litt varme og raushet har gitt ny styrke. Vi kan alle koma dit at vi treng nokon som ser. Og enno ligg dagane opne for oss, til å gjera den vesle skilnaden for nokon.

Eg trur på raushet og godhet, og på dei små øyeblikka vi kan gi kvarandre!