Eg las eit dikt i dag, der det sto at kjærleiken er ei tåre. Eg trur ikkje det er rett. Kjærleiken er i så fall glitteret som lyser i tåra. Eg trur kjærleiken er håpet, kjærleiken er lyset og draumen. Og at utan den blir det tomt og kaldt både i oss og rundt oss. Ingen tårer, inga smerte, inga sorg må få riva frå oss den. For i kjærleiken blir det gode hos oss, også når det kan kjennast borte og vi ikkje kan sjå det.

Kva er kjærleiken, spurde eg i eit dikt då eg gjekk på gymnaset. Norsklæraren min sa at slike spørsmål skulle ein ikkje stilla i eit dikt. Kanskje han hadde rett. Kanskje det spørsmålet ikkje skal stillast i det heile, at kjærleiken skal levast og ikkje forklarast. For kjærleiken er meir enn lidenskap og forelsking og dei to saman, slik vi ofte tenkjer når ordet kjærleik blir nevnt, kjærleiken er den sterke varmen i hjarta som vil andre vel, som unner andre godt, som gleder seg over det gode og vil kjempa for det gode. For livet er ikkje ein konkurranse. Livet handlar ikkje om å nå lengst og koma fremst, men å få fylla dagane med meining, å få kunne få vera der for nokon, å få dela frå sitt forråd med nokon. Å fylla dei dagane ein har fått slik at ein kan gå til kvile med fred.

Visst fins vondskap. Visst fins svik og hat og sorg og smerte. Og tap. Nok til å fylla eit hav med tårer. Men kjærleiken er ikkje ei tåre, kjærleiken er det som får tårene til å skina, trur eg, same kva diktaren proklamerer. Eg trur at kjærleiken er det som tørkar tårer og gir oss mot til å leva.