Skal vera litt personleg no. Og så vil somme seia at det er du no alltid. Likevel, noko skjermar ein, og skal ein skjerma. Men det går mot jul, det går mot tende lys, julesongar og den store glitrande gleda. Og eg er jo ei som plukkar gleder og prøver finna det kjekke i alt. Og til vanleg er eg ei som elskar jula. Elskar å pynta, elskar å tenkja ut julegåver, gjerne eit halvår på førehand,- eg er av dei som smiler når julebrusen står i butikkhylla i oktober, – til vanleg. Eg er av dei som står ein halvtime i ro og ser på det tende juletreet på torget.

I år blir ei annleis jul. Ikkje berre fordi ho skal feirast langt borte frå barn og barnebarn. Som forresten gav meg ei fantastisk førjulsjul andre søndag i advent. I år skal eg feira jul med å pakka meg ut av huset som har vore basen i livet mitt dei siste ti åra. Pakka meg ut av samlivet med mannen eg delte like mange år med, om dei siste sju har vore pendelår der eg har vore mesteparten av tida i Sverige. Eit særbuforhold, men like fullt… No er det slutt. Endeleg slutt. Og alt skal delast. Fire juledagar skal brukast til å skilja mitt frå ditt, til å bera i kjelleren det som må lagrast enn så lenge, og til å seia farvel til to små familiemedlemmer med pels.

Det blir jul alikevel. Det blir julemat, det blir julegåver (eg har kofferten full med frå mine), det blir julemusikk og juletre. Og alt kjem til å gå føre seg med fred og vennskap. Men det blir ei annleis jul. Ei anna kvinne har vaska huset, bakt kaker, handla inn. Ei anna kvinne har pynta stova med nissar og englar. Ei anna kvinne har tatt min plass. Men det blir jul. Og så etter jul kjem eit nytt år. Og eg er av dei heldige, midt i det som er sårt og vanskeleg, for det er det å ta farvel, å seia noko anna vil vera å lyga, så er eg av dei heldige. Og eg veit det. Og gløymer eg det ein augneblink eller to, så skal eg minna meg sjølv på det. For rundt oss er dei som har mista både heim og sine og helse. Rundt oss er dei som verkeleg har grunn til å klaga. Så her gjeld det å skilja snørr og bart og sjå kva ein har.

Men ørlite sårt har ein lov å synas at det er. Om all slutt er ein ny start.