Det er sikkert syndig å seia det, men no er eg luta lei julesangane. Alle som ein. No har nærradioen spelt julesangar i snart tre veker, frå tidleg morgon til sein kveld. I alle butikkar, i alle handlesenter, der ljomar det glade jul og jingelbells og do they know its Christmas. Dette som skulle vera høgtid og noko vakkert og fint er blitt støy. Eg er begynt å unngår butikkar for å sleppa unna, så no får småbutikkane utan musikk alle mine kroner. Nærradioen er stengt og lukka til over nyttår. Ein einaste jingelbell til og eg tar på meg hørselsvern.

Er det nokon som synes dette er stas? Er det nokon som kjøper meir, blir lykkelegare eller blir lenger i butikken av julemusikk som ingen ende tar? Er det nokon som stoggar inne i butikken, lukkar augo, opnar hjarto og nyt julesongane og dermed opnar pengeboka ekstra også? Dei om det. Eg vil spara meg no desse dagane som er att til sjølve julaftan. Eg vil gå ring utanom alle som spelar julemusikk. Eg vil ha ei jul som ikkje er oppbrukt og ut-terpa. Eg vil på julaftan høyra Jussi Bjørling med skurrande O heliga natt, og kjenna at det enno er ein gneist att av det som eigentleg skulle vera jula. Glede, fred, håp!

Er det enno mogeleg å berga jula?