Er det den som får hjelp som er heldig, eller er det vi som er heldige som får dela? Eg har tenkt ein del på det denne førjula, kor urettvist godane er fordelt. Kor utruleg mykje som er gitt få og kor utruleg lite som er gitt mange. Ingen vel sjukdom, katastrofar, traumer dei er påførte, forhold dei er fødd inn i. Eg trur det er få som vel å ikkje kunna gjera ein jobbinnsats i samfunnet. Så altfor mange er komne i situasjonar dei ikkje ønskte, ikkje valde, ikkje hadde herredømme over. Vi hadde eingong ein draum i dette landet, om solidaritet og å dela på godene. Det er ikkje heilt det som er dominerande i dag.

Somme av oss er av dei heldige. Vi har fått lov å behalda helsa sånn nokolunde, vi har fått med oss ballast nok til å ha noko å stå på når stormane kjem, vi har fått mulighet til utdanning, jobb, til å skaffa oss reir å bu i. Og vi lever som om dette er vår gudegitte og sjølvsagte rett. Vi er av dei heldige. Både med stad i verda vi er fødd, og med det vi har fått med oss i bagasjen. Måtte vi hugsa på det i møte med menneske som ikkje har fått det same utgangspunkt.

Det å få kunna dela med andre, er eit privilegium. Det å kunna gje av sitt for å gleda andre, er ei av livets store gåver. Den som har noko å gje og noko å dela, har sett inn i den verkelege rikdommen. Og det skal ikkje ein stor konto i banken til for å gjera det. Mi mormor var enke med tre små, ho sleit for å få endane til å møtast, men det å gje, det ville ho ikkje vera forutan. Den rikdommen ville ho ikkje gå glipp av.

Mange treng eit ekstra handslag, særleg no i jula. Barn som ventar på nissen, med foreldre som har snudd krona fire gonger. Nye landsmenn som treng ei varm jakke og ullsokkar i kulden. Einslege som så gjerne skulle kunna unna seg eit lite julebord heime i stova, om berre kronene strakk til. Dei er rundt oss. NAV stramar inn, det er ikkje kjekt for nokon å skilta med at ein treng hjelp.

Kor heldige vi er som kan gjera det vesle, som har mulighet til å dela. Som har den ekstra krona som skal til for at nokon kan få ei uventa glede. Vi som ikkje vil sakna verken juleribba eller pinnekjøtet eller multekremen om vi deler litt. Måtte vi unna oss det å få vera noko for nokon som treng det.