Eg satsar på det blir jul i år også, med kjøpejulekaker, med moderate julegåver, med eit hus der levande lys dekker hybelkaninene. Eg satsar på at vi blir mette utan sju sortar og alle tenkjelege og utenkjelege flotte matsortar. Ære være dei som nynnar og syng og kosar seg med arbeidet før jul, og har stor og lykkeleg glede av det. Men alle treng ikkje gjera like eins. Dei som har det travelt, det er dei eg seier det til: det blir jul allikavel. Det blir jul med enklare midlar, det blir jul utan at det skin i kvar ei krå, viss vi berre kan vera saman og sjå kvarandre. For kva hjelper pakkehaugen når det berre er ting og ingen har eit fang og ei famn og eit blikk som elskar dei rundt seg vakre. Kva hjelper sju sortar viss alle sit der utslitte og ikkje er i stand til å nyta.

Det blir jul allikavel, viss vi greier sjå kvarandre, viss vi greier vera gode med kvarandre, viss vi kjenner at det er meiningsfylt å vera i lag, – eg trur ikkje dagens born manglar ting, heller ein klem og det å få ha tid og ro med dei dei høyrer til. Eg trur ikkje det er at vi i kvar krå har skura huset som skaper julefred, men at vi er tilstades og har krefter til å kjenna på julefreden.

Om du kjenner deg stressa av jula og kavar med å få alt i hop, så unn deg å gi blaffen i det du kan gi blaffen i. Ta deg heller ei stund kvar kveld i godstolen og la humla susa rundt deg, kjenn at du er god nok uansett. Vi skal ikkje alle vera like. Og kanskje ei av dei som elskar kakebaking og å laga rull og julebrød deler med deg? Ta då imot og fryd deg i staden for å kjenna at du burde ha gjort det sjølv. Det einaste vi bør, er å vera snille med oss sjølv og andre og passa på den dyrebare tida vi har.