Eg sto på buss-stoppet og venta på halvtolvbussen. Der kom også ekteparet som ofte tar same bussen som eg. Mannen er ein av dei siste gentlemen. “Damene først”, seier han og bukkar. Og han er raus med godorda. “Fin jakke du har”. “Den veska har jammen gladfargar”. “Du ser flott ut i dag”. Alltid er han blid. Alltid med ein kjapp replikk.

I dag er det eg som kjem med godord. Kona hans har på seg ein utruleg flott hatt. Eg skryt. “Er han ny”, spør eg. Mannen er kjapp til å svara. “Han ser ny ut kvar dag”. Dei smiler til kvarandre, så inderleg samkjørte. Men sidan sist vi møttes har han fått nyss om at eg er forfattar. I det vi går på bussen er han full av iver og spørsmål. Og vel inne på bussen, bøyer hans eg fram mot meg. “Då er du nok intuitiv”, seier han. Han ventar ikkje på svar. “Det er eg også”, fortel han med eit stort smil.

Då han går av bussen før meg, ryggar han ut medan han nikkar til meg. “Du og eg”, seier han. Og han gjentar det i det døra lukkar seg mellom oss. “Du og eg.” Det siste eg ser då bussen kjører vidare, er det strålande smilet hans der han står med tommelen opp mot meg. Kona vinkar også.

Sidan har eg gått med desse ordan dansande i meg. “Du og eg!”.

Det er desse møta som berre skjer og gir glede!