No startar den verste tida i året for mange. Førjulstida, adventstida, gledestida. Alt skin i raudt og glitter og grønt og julesongane er det ikkje råd å berga seg unna om ein går inn i ein butikk eller eit handlesenter. Overalt ropar det ut, snart er det jul. Og jul er jo glede, er det ikkje. Barnet og krybba og hyrdane og englane og presanghaugane og du grøne glitrande tre. Alle hjarte skal gleda seg. Og så er det nok av dei som ikkje kjenner det slik. Det er ei tid for ekstra einsemd for den som er aleine, det er ei tid for ekstra bekymring for den som har lite å rutta med. Det er ei tid for savn for dei som har mista. I glitteret og dei tende lysa og den store gleda bur også den største sorga.

Ingen skal vera aleine julaftan, sa ei til meg i dag. Den dagen skal døra mi vera vidopen om nokon ikkje har nokon å vera saman med. Kor mange tenkjer slik? Kor mange ser seg om, og ser utover sin eigen nære krins? Kor mange kjøper den ekstra gåva til den som kanskje ikkje får så mykje? Kven stikk til gateseljaren eller tiggaren ei ekstra glede i denne tida, ikkje berre ein slant i julekrybba til ein stoverein frelsesarme.

Det er enno nokre veker til jul, det er enno tid til å sjå seg om, og å sjå med hjartet: er det nokon rundt meg som kunne trenga ei ekstra helsing i år? Ei ekstra open dør? Er det nokon nye landsmenn, nokon som har trødd feil på vegen og ikkje heilt har funnet fotefestet tilbake, er det nokon som ser glitrande og flotte ut utanpå, men som likevel ber ei uendeleg sorg i denne tida?

No skulle vi vera snille med kvarandre alle dagar, men når alle stader skiltar med glitter og song, så trengs det ekstra augo som ser, hender som opnar seg og hjarte som har raus plass. Denne tida er den verste tida i året for så mange, for kanskje mange fleire enn vi ser, og som vises utanpå. Det er kun menneskeleg varme som kan gje små friminutt frå den smerta mange ber.