Eg les i avisa i dag at godhetstyranniet rir Norge. Og eg som trudde det var egoismen og grådigheten som reid oss. Ja, ja, så ulikt kan ein sjå det. Eg er av dei enkle som høgaktar godheten. Som set det å vera god, raus og omtenksam øverst på lista av eigenskapar verd å verna om. Kva samfunn får vi om vi ikkje vil dela, ikkje vil inkludera, ikkje er viljug til å ofra litt av eigen velstand for dei som har mindre?

I dag er det “eg” som er i sentrum, ikkje “vi”. I dag er det her hos oss og dei vi reknar som våre som gjeld. I dag skal “eg” ha og ha, og mitt er mitt, og det er mitt potensiale som skal utviklast. Far min hadde eit ord for det meste, eitt av orda var “meg mitt og mine, skit i dei hine”.

Er godheten blitt ein trussel no? Er det å tenkja “vi” og kjenna medansvar for dei som er fødde på den same jord men ikkje på langt nær har vore så heldige som oss blitt ut. La godheten ri i Norge, tenkjer no eg. Vi vil bli eit så uendeleg mykje fattigare samfunn ellers.