Ååååå, fristelsar fristelsar fristelsar. Kom eg ikkje heim med ein ny kjole i dag også. Eg kunne ikkje gå frå DEN kjolen til halv pris, kunne eg vel? Eg har gjort avtale med meg sjølv, ein kjole inn, ein kjole ut. Men no er det ikkje ein einaste kjole igjen i skapet mitt som kan spasera ut. Eg likar dei alle. Og kven veit kva ein kan få bruk for, det kan jo vera ein skal ut ein dag då verken raud eller grøn eller gul eller blå passar. Då må ein jo ha den lilla i bakhand.

Eg står her og stirer inn i skapet mitt. Der er plass, for eg har arva eit dobbeltskap, slik at kjolane mine er spreidde over tre skap no. Det ser mindre ut då. Men eg vedgår at eg har eit oppheng på kjolar, eg stirer inn i skapet og veit at dette er min svakhet, dette er min lidenskap (i alle fall ein av dei). Eg seier til meg sjølv at det er mange som har ulike oppheng. Somme har skapet fullt av sko, og sjå mannfolka med fiskeutstyr og verktøy i kjellaren. Og damer med oppheng på pynteting i huset, og dei som stadig må mala om og bytta ut puter og gardiner. Det er vel ganske så uskuldig med kjolar vel?

Eg står her og overbeviser meg sjølv om at den nye kjolen var meg vel unt. Og så billig som han var. Og så i turkis som eg ikkje har frå før, men som eg har sko som matchar. Jau, dette var eit røvarkjøp og rein nødvendighet. Og så lyser han så godt opp i skapet mellom dei raude og lilla og cerise og grøne og gule og blå, og ikkje minst dei tre svarte. Visst trong eg nettop denne, for plutseleg kjem det ein turkis dag, og då hadde eg stått der utan om det ikkje var for dette nyinnkjøpet!