Rart når ein har vore omgitt av så mange menneske, så mange impulsar, så mange opplevingar å koma heim til stilla. Til å vera i sitt eige rom igjen, der ein kan høyra sine eigne pulsslag, og der ein kan kjenna på tomrommet som er der, etter dei ein drog frå. Det er lett å kjenna seg bråeinsam, kjenna på savnet, lengselen, – det er då ein må snu flisa og kjenna på kor heldig ein er som har fått vore der. Som har fått fylla sine indre rom med nærhet og fellesskap. Kor heldig ein er som har nokon å reisa til, nokon å møta, nokon å som ønskjer å ha ein som gjest. Mykje vil ha meir, seier eit gammalt ord. Og vi vil vel helst ha alt og heile tida, mange av oss. Men det å kunna vera nøgd med det ein får, det å kunna takka for det ein har, den kunsten trur eg ein blir svært rik av.

Eg sit her i mi stove, og har ikkje tatt musikk på i kveld, eg lyttar til nokre ungdommar som ropar og ler ute på vegen, og eg vil kjenna på det som er. Vera i det som er, på godt og på sårt. Det er vel det som er å leva, å favna det alt, og så varma seg på gåvene livet gir. Og dessutan å laga seg gleder. Så no blir det te i uglekurset, ein liten sjokoladekjeks, og litt mimring over alt eg har fått med meg i minneboka frå ei innhaldsrik reise.