Kva skjer når den du er glad i og høyrer til forelskar seg i ein annan? Eller når du sjølv forelskar deg i ein annan enn den som er din partnar? For slikt skjer. Slikt skjer oftare enn vi vil vera ved. Fasinasjon, tiltrekking, betatthet, begjær. Det er livet. Er det mogeleg å møta dette utan at det blir katastrofe? Er det mogeleg å ta eit steg til side og erkjenna at slik er det? Er det mogeleg å stå i dei såra kjenslene, kjenna på sinnet, frustrasjonen og frykten utan å la seg driva med. Går det an å leggja seg på veret og venta og sjå?

Ei forelsking er på sitt høgste dei første to tre månadane. I den perioden tar fornuften ofte fri, det er då ein rasar ned i vekt, har uendeleg med energi, er besett av den personen som har fanga interessa til ein. Kan den andre greia å venta og sjå kva som vidare skjer? Kan den andre greia stå roleg, same kor vondt det er, og venta og sjå? Kan ein sjølv sjå i augo det som skjer med ein og vita at no er eg fanga av krefter som er sterkare enn livet, men som eg endå kan styra.

Dei fleste fortel ikkje sin make om når dette skjer. Dei skjuler det så godt dei kan, lever sitt hemmelege liv. Difor kan to som lever saman eit heilt liv bera på slike løyndommar begge to, om tida då dei nær flagga ut. Men dei blei. Kanskje mange fleire kunne blitt eller fått bli om vi snakka meir ærleg om at ting skjer i livet, det ideelle, det  blanke og upletta er ofte ei løgn. Noko vi vil, noko vi held fast på mot bedre vitande. Livet er ikkje ein rett veg.

Kan vi tåla at vi er menneske, at vi i blant mister kontrollen, at vi iblant lar oss rusa av dei “ulovlege” kjensler, og kan vi tåla at den vi er glad i også er eit menneske med eit heilt spenn av det som høyrer menneskelivet til. Kan vi tåla å venta på kvarandre og gje rom til å landa igjen? Kan vi tåla å erkjenna at vi har vore der, i dette landskapet, så mange av oss?