Det er inn å vera sunn. Sunn, mager, med sixpackmage og sprettrumpe. Vi skal eta magert og grønt, og for all del passa oss for sukker. Då skal vi i følge dei kulørte vekeblada og dei litt mindre kulørte avisene få eit godt liv. Sper vi på med litt sjølvhjelpsbøker og ein dose helsekost, så skulle alt vera i boks. Men er det så sikkert at dette er det viktigaste for helsa vår?

Eg vil slå eit slag for det eg opplever som det aller sunnaste, nemleg kunsten. Vi kan berre sjå på den vesle som nettop har greidd å stå på føtene sine, set på musikk og han dansar rundt i full fryd. Og barnet som får boltra seg med malerfargar, sjå gleda. Eller engasjementet over Hakkebakkeskogen og spenninga over Kaptein Sabeltann. Og det å bli oppglødd over slike øyeblikk i livet, gjeld ikkje berre barn. Det gjer noko med oss alle.

Kva gjer ikkje musikken med oss. Kan vi tenkja oss eit liv utan? Eller ho som går ut frå biblioteket med famna full av bøker, forventinga og lyset i augo. Eller han som fell i stavar over ein statue han snublar over, eller bilda som heng på veggen og som vi ikkje greier sleppa med blikket. Dansen der vi kan flyta med i draumen. Eller teaterstykket som rører ved det inste i oss og opnar rom i oss. Og diktet…

Kven var vi utan kunsten? Kven blei vi som menneske utan denne dimensjonen? Kor tid skal det bli sanning at av alt det sunne er kunsten den aller sunnaste. Viss eg var helseguru ville eg sagt: vil du vera sunn, så sørg for å få ei kunstoppleving for dagen!