Eg gjorde to oppdagingar i dag, eg er ikkje verdens navle, og det er ikkje særleg oppbyggeleg å vera fokusert på sitt eige navlerusk. Eg var ikkje heilt opplagt der eg gjekk ut for å koma meg til stamkafeen min. Men der er det alltid nokon å snakka med, og så også i dag. Ei eg kjenner kom og slo seg ned saman med meg. Ho var oppgira og på høgget, ei stor kontrast til mitt hengehovud. Og ho såg nok min daffe tilstand og syntes nok eg hadde liten grunn til å vera hengeplante. Ho durte på, og alt eg sa blei parert og høvla ned, til eg sat der liten som den minste skitt, ganske så krympa.

Eg gjekk heim og kunne fått plass i eit fingerbøl. Sjølvtilliten var heilt under pari. Og eg nesten kraup meg opp trappene til hula mi, der eg enda på sofaen og syntes grueleg synd i meg sjølv. Mine behov var ikkje ivaretatt. Og eg var sige ned i kjelleren. Men der kunne eg ikkje bli. Eg tok meg sjølv i nakken, og gjekk meg ein tur og tenkte: Det er lov å ha dårlege dagar, men ein treng ikkje gje heilt etter heller.

Eg summerte opp dagen. Og då kom eg på kafedama som hadde viste meg ein lur app på telefonen, eg hugsa dei to karane med lun humor som sat der og var hyggelege. Eg hugsa ho i hjørnet som har sin faste plass på kafeen min og som har lite ellers i livet sitt. Eg såg den arbeidsledige som berre har råd til den eine kaffikoppen. Eg såg. Såg også ho som eg syntes hadde dunka ned alt eg var. Kva behov hadde ho, som eg ikkje dekka?

Nei, min navel er ikkje den viktigaste i verda. Vi har alle våre navlar, og vi har alle våre behov. Kanskje fokus kan løftast over til naboen ved bordet, ikkje meg sjølv. Å, kor glad eg er for at eg truleg får ein ny dag i morgon, der eg kan la navlerusket mitt få fred og sjå dei rundt meg.