Eg har erkjent noko i dag, og det er at sorg greier eg godt takla aleine, skuffelsar og dårlige dagar tar eg tak i og står han av, men det er så ufatteleg kipt å ikkje ha nokon å dela gleder med. Eg har hatt ein slik lykkedag i dag, med så mange gode tilbakemldingar på jobb, nye omsette bøker, nyantatt bok, god omtale frå redaktør, og eg dansar av glede. Då kjenner eg kor gjerne eg skulle hatt nokon å dansa saman med, og feira saman med. Gratulerer seier dei som eg boblar over av gleda mi til, og det er det. Og eg er takksam for det ordet, for utan det blei det veldig fattigt. Men kven vil vera med å heisa flagget for min vesle siger, kven vil ropa heia og hurra og visa at dette unner dei meg og vil gjera stas på. Det er det eg lengtar etter. Så barnsleg er eg.

No er det meg sjølv å takka at eg ikkje har nokon av mine næraste rundt meg, her eg bur i framandt land. Og ikkje er eg vel flink nok til å visa kor stas det gode er, heller, for ein skal jo ikkje tru ein er noko. Men eg har innsett i dag at mest av alt er det gleda eg treng nokon å dela med, slik er det for meg. Det er nokon å dansa med, nokon å jubla med, nokon som forstår kor stort det kanskje ikkje så store i andre sine auger er for meg.

Kanskje er dette berre ein eindagstanke, og ikkje ei stor sanning, noko eg tenkjer akkurat no fordi eg sit her på verandaen min og det brusar i brystet av glede og eg lengtar etter at nokon skal dela denne stunda av jubel. Men heretter veit eg at eg skal heia vilt på alle som deler gleder!!! Hurra for gledene!