Eg blei ein gong spurd, kva er det som får hjarta ditt til å dansa? Eg måtte tenkja meg om. I dag sat eg og lytta til Leonard Cohen sin musikk, og kom over ein song eg ikkje hugsar å ha høyrt før: You got me singing. Og så var spørsmålet tilbake i meg: Kva får hjarta mitt til å syngja? Eg har hatt ein nydeleg soldag på verandaen, og på loppistur, og kaffi med to venninner. Og eg kjenner på denne utrulege takksemda over å få oppleva dette. Det er ikkje lenger sjølvsagt å kunna stå opp kvar morgon og kunna laga seg ein god frukost, det er ikkje sjølvsagt å kunna gå ut i dagen og la seg berøra av livet. Av menneske som ein møter, av fuglesongen, blomane som står langs vegkanten eller i hagane. Det er ikkje sjølvsagt. Så mange er borte av dei som har vore der i livet mitt. Dagane er dyrebare.

Men syng hjarta mitt? Dansar det? Og kva er det som mest av alt løftar gleda mi? Eg trur det er desse møte, det å få kjenna at eit anna menneske opnar døra si for meg, og at eg sjølv kan våga opna mi dør. Eg trur det er det viktigaste. Men etter eit liv med ulike erfaringar er lett å halda den inste døra gjenlukka, å beskytta seg med distanse. Vi vil vel helst unngå smerta, det ligg vel i oss. Men er ikkje den ein del av livet, å risikera den, å tåla den, må ikkje det til for å ha eit dansande hjarte?

Mange tankar kom ut frå ein melodi eg sit og lyttar til. og eg sit og kjenner på takk fordi eg igjen og igjen har fått oppleva eit dansande hjarte, for at eg har vågd risikera smerta som også er ein del av det å koma nær eit anna menneske. Så Leonard Cohen, takk for songen som minna meg på at det går an å la seg berøra og kunna syngja, at det slett ikkje er noko lettvindt og svevande, at det nettop er det rike livet, for den som tør!