For tida er det mange av mine venner og bekjente som feirar sine 40 år saman, som kan løfta glaset og skåla for at dei har kome seg så langt, gjennom gode og vonde dagar. Det er ikkje ofte eg er misunner nokon, men då gjer eg det. Heldige dei som få bli gamle saman med sin første ektemake, som får vera besteforeldre saman, snu seg mot kvarandre og smila ømt også når eins eige avkom gjer litt keitete livsvalg, for dei er no dei beste i verda uansett. Det å kunne ha ein historie saman, kjenna kvarandre sine gode og dårlege val gjennom eit langt samliv, og enno ha denne ømme varmen for kvarandre som kan kallast kjærleik. Ja, eg kjenner stikket i meg. Eia var eg der. Slik blei ikkje mitt liv. Eg kan æra mine mange menn, både dei kortvarige og dei over lengre tid, eg kan seia at eg har fått smaka livet, for det har eg, og eg har fått mange gleder. Men det å leva i eit livslangt samliv, det fekk eg ikkje til.

Livet blir ikkje alltid som ein tenkte det. Livet tar svingar og sidevegar ein ikkje hadde trudd. Ein gjer sjølv val som ein trudde ein ikkje ville ta, i ungdoms idealisme. Og det er ikkje i seg sjølv noko minus. For livet er ikkje blitt dårleg, dagane har så mange gleder, og kjærleik har ein fått opplevd meir enn ein gong. Gode minne har ein fått fylt opp begeret med, så ein burde ikkje sitja og kjenna på anna enn rein fryd over at andre har greid det ein sjølv ikkje fekk til. Likevel stikk det, og ein kjenner trong for å seia til desse som nok ikkje har gått smertefritt vegen dei heller, og som truleg har stått i både ein og fleire vindkast før dei er komne hit, at kjenner du enno på eld og varme for den du først valde, så vit kor heldig du er. Mange er vi nok som gjerne skulle vore der, vi også, om ting hadde snudd seg annleis.