Vi har vel, dei fleste av oss, våre laster. Ein av mine er lidenskapen for kjolar. Kjolar i ulike fargar og fasongar. Kjoler å trampa rundt i ein kvardag og kjoler til fest. For å seia det enkelt, klesskapet mitt er ganske så fullt. Likevel blir eg stadig freista. Og eg sukkar og spør men kvifor eg kjenner det så skamfullt å vera hekta på akkurat kjolar.

Få synes det er forkasteleg med menn som kjøper stadig nytt av verkty, fiskeutstyr eller motordelar dei kanskje kan få bruk for. Kor mange kjellarar og garasjar er ikkje smikkfulle av mannleg lidenskap. Og mine medsøstre? Det er heilt OK med nyanskaffelsar til huset, med nytt servise, med å samla på sølv eller ha badet fullt av dyre krukker av alle slag. Til og med sko. Men kjolar?

Eg såg ein kjole i dag. Prøvde han og kjende meg som ei prinsesse, eller kanskje ei dronning. Men eg sto imot og gjekk tomhendt ut av butikken. I alle fall enn så lenge. Eg gjekk heim og opna klesskapet mitt og såg inn. Der hang nokre kjolar der som ikkje har vore brukt på fleire år, minst. Bomkjøp. Det hender spegelen heime ikkje er like flatterande som den i butikken.

Jaja, ein kjole ut ein kjole inn, tenkte eg. Og så gjorde eg klar ein pose med tre kjolar til å levera på loppisen i morgon. Eg seier ikkje meir.