Kvar kveld avsluttar eg dagen på verandaen min. Eg står der og ser månen spegla seg i vatnet, eller ser skyene som heng tunge. Det skiftar. Slik dagane skiftar. Men denne kveldsstunda prøver eg alltid å henta fram gleder som dagen har gitt. Finna kva små gode øyeblikk som ligg att.

I kveld kjenner eg enno klemmen eg fekk frå naboane som var tilbake frå reise. Varmen i smil og ord. Og dei tre andre naboane som plukka meg opp på buss-stoppet akkurat då himmelens sluser opna seg i ei skikkeleg regnbye, så eg kom “tørrskodd” heim. Og ho som i forbifarten kviskra til meg at ein jentegjeng kanskje skulle ut å dansa på laurdag, om eg ville bli med.

Eg hugsar han som sende meg ei så fin melding på facebook. (Ingen skal seia meg at ikkje facebook kan gi mange gleder.) Og bildet eg fekk på epost av barnebarnet, det å sjå kor han kosa seg. Ja, når eg står her og tenkjer etter, så kjem det så nært, alt det fine.

No kan eg jammen gå til ro med takk i natt igjen.