Kor utruleg godt det er med vennlege menneske. Kor stor skilnad det kan gjera korleis ein blir møtt, til og med i ein kort forbifart. Eg gjekk på bussen, og blei møtt med eit smil av bussjåføren, han venta med å kjøra vidare til eg hadde sett meg ned, snudde seg og ropte “sitter ni bra?”. Kven må ikkje gå vidare i dagen med eit smil i seg etter slikt. Og butikkdama, der ein skal kjøpa sitt brød og sin yougurt, å bli møtt med eit smilande hei hei, sjølv om ein er nummer ni i kassakøen, og butikkdama ganske så sikkert må vera lei. Ein går ut derfrå med noko godt med seg, i tillegg til varene.

Korleis er eg i møte med andre menneske? Ligg det noko godt att etter meg etter eit møte. Når eg passerer nokon, på bussen, i butikken, på vegen. Hastar eg berre forbi, får eg berre gjort unna det eg skal, eller har eg det vesle øyeblikket til eit møte? Eg har hatt med meg mottoet carpe diem, grip dagen, frå eg var jente, det hang handskrive på veggen på jenterommet mitt heime, men er det berre ord?

Det er ikkje i dei store møta der ein har invitert eller er invitert, det er ikkje i dei store festhendingane ein viser kven ein er, men i den travel kvardagen. Evna til å stryka ei hand i forbifarten, gje eit smil, eller spørja som buss-sjåføren “sitter ni bra”. Sjå og bli sett, er det ikkje det som løftar dagen og livet?